mandag 15. februar 2016

Telttøttene på vinterovernatting!

Ja, tru det eller ei - no har jammen Telttøttene fullført #nattinaturen ekspedisjonen sin!

Laurdag 13.februar hadde alle 5 tøttene klart å setja av til vinterovernattinga - siste mål for denne gang :-) Laurdagen kom med strålande ver - men det var og bitande kaldt. Temperaturen svinga mellom -6 og -8 om kvelden/natta. Det høyres ikkje så kaldt ut, men då må ein huska på at vi er vestlendingar.... Ikkje er det snø her heller som kan luna det litt.

Den nye gaphuken øverst i Uskedalen (Kvinnherad) ved Fjellandsbøvatnet skulle vera heimen vår denne natta. Her treng vi ikkje slå opp telt, men kan liggja under tak :-)
Kl. 20.30 var Anita på plass....

....og prøvde å laga det litt heimekoseleg :-)
 
Snart dukka dei andre damene og opp. Jorunn måtte diverre melda akutt avbud, men det er jo slikt som skjer.
 
Magnhild og Anne-Grethe bles frostrøyk for å demostrera kor kaldt det var..
 
....då var det greit å få fyr både på bålet og...
 
....i omnen :-)
 
Sidan det var finaleturen vår, feira vi litt med...
 
...bobler og stjerneskudd :-)
 
Det var ein nydeleg, stjerneklar vinterkveld og vi bestemte oss for å ta ein liten spasertur langs Fjellandsbøvatnet - vi kunne jo fort byrja frysa hvis vi berre sat oss ned i ro.
 
Vi trava i veg, men etter ei stund merka vi at Anne-Grethe til stadigheit sakka etter oss andre. Då vi endeleg snudde oss og satte hovudlykta på ho, skjøna vi jo kvifor - og fekk oss ein god latter!
 
Noko så istappa hadde vi ikkje sett på lenge! Ordet pølseskinn fekk ei heilt ny meining :-) Kor mange lag med klede dama hadde pressa på seg er vi ikkje sikre på, men det kan ikkje ha vore få. Medan vi andre spaserte, vagga Anne-Grethe ;-)
 
Ein fin spaser- og vaggetur fekk vi oss. Vel tilbake i gapahuken kosa vi oss med god drikke og snacks. Dess kaldare det vart, dess nærare graup vi omnen :-)
Vi kosa oss inni her :-)
 
Omsider kom tida der det var på tide å krypa i soveposane. Og her kjem det eg sikkert ikkje burde skriva, for det avslører vel at vi ikkje er heilt på høgda med Lars Monsen enda: Det går nemleg an å køyra heilt opp til gapahuken.... Og i ein bil er det varmeapparat....Og i ein bil kan ein få plass til det meste... Utanfor gapahuken stod det nemleg 4 istappa bilar. Vanlegvis plar vi kanskje køyra med kvarandre, men eg trur grunnen til at ingen foreslo noko slikt denne gangen var fordi kvar og ein av oss visste vi ikkje ville få plass til tinga våres i ein av dei andre sine bilar :-) Etter å ha varma opp bilane (komfort - kven vil vel leggja seg i kald sovepose???) kom det etterkvart på plass: Liggjeunderlag i div. størrelsar, madrass, pledd, saueskinn, ullteppe, soveposelaken, soveposar, termodyner, stillongsar, vottar, ullsokkar, dunjakker - You name it! Det var eit heila styr med oss for å få på plass alt som skulle til for å overleva denne natta :-)
 
 
Omsider var vi på plass :-)
 
Det vart igrunn, mot normalen, stille ganske fort. Det var jo heilt umogleg å føra ein samtale når alle hadde fleire lag med huer og soveposar over hovudet - det var jo ingen av oss som høyrte kva dei andre evt. prøvde å seia ;-) Sjølv hadde eg krøpe så langt ned i posen min at det største problemet i laupet av natta var å stikka nasen fram og finna eit pustehol :-)
 
Eg trur alle hadde ei fin natt - og ikkje høyrte eg noko klaging om at nokon fraus heller. Det skulle no berre mangla. Vi vakna til nok ein...
 
...strålande fin dag :-)
 
Sol på toppen av Ulvanåso...
...is på Fjellandsbøvatnet...
 
....Ja, dette tegna til å bli nok ein flott dag!
 
Anita vart inspirert til å...
 
....turna litt på bryggekanten...
 

Synes dåke fjella bak oss ser flotte ut? Fylg med på årets versjon av kjendis 71 grader Nord - tippar det er i episode 3 dei kjem og skal klatra i desse fjella :-)
 
Sidan det var søndag, morsdag og valentinesdag, kunne vi ikkje gje oss til her denne dagen - alle skulle heim og feira på sitt vis. Men fyrst måtte vi ta ein...
 
 
....avslutningsselfie :-)
 
Då takkar Telttøttene for seg :-) Nattinaturen konkurransen har vore ei kjekk oppleving. Det har nok vore litt vanskelegare å finna netter det passa for alle 5 å samlast for å sova ute enn vi hadde tenkt på førehand, men vi har prøvd så godt vi kunne. Soveposane vi vann i frå Friluftslivetsår 2015 har vore gode å ha på turane våres - dei varma godt :-) Buff og refleksband som vi og fekk med i premien har vi delt ut til kreti og pleti og bøkene vi fekk er utlest :-) Alle telttøttene er klare på at dei skal fortsetja med nattinaturen prosjekt frammetter, men no treng vi ikkje samla alle 5 for at det skal bli tur :-)
 
 
Takk for oss for denne gangen :-)




 
 
 




 
 


 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar her om du vil: