mandag 23. mars 2015

4 Telttøtter...

...har vore på tur og fullført Slarverennet 2015 i helga :-)

Den turen kan dåke lesa om her: Slarverennet 2015

søndag 15. mars 2015

#nattinaturen #telttøttene #sesongsovaren #1 overnattingstur


Telttøttene på fyrste #nattinaturen #sesongsovaren

 14 til 15 mars

Ja, då var dagen komen at me skulle ha vår fyrste overnatting i telt på snø. Me har enno ikkje blitt enig om detta var ei vinterovernatting eller ei vårovernatting. 


Anita og Ann Irene var fyrste mann oppe og fekk seg ein flott skitur før me andre kom opp. Dei gjekk til Fagnabotnen og opp til Grønlia. Det var bra skare så feller var ikkje noko å bruka. Men dei kom seg no opp og heilskinna ned att.




Damene hadde nett parkert på Bjørnebølsfossen når Anne-Grethe dukka opp i 17.00 tida. For å sei da sånn så hadde me pakka for ein heil chartertur til Grønland på langs, så det var no bra at teltet ligg ca 20 m frå bilane. Råtten snø gjorde det slik at Anita labba på dei flotte trugene ( som me andre er veeldig misunneleg på og er lagt til ønskelista av ting me bør ha med oss på tur ) mens Ann Irene og Anne-Grethe måtte spenne fjellskia på. Så teknisk sett har me gått litt på skitur.



Eh, litt flau øve pakkinga men me var alle einig i at om me skulle ha gått eit stykke måtte me jo pakka litt mindre. Og detta e jo tross alt ein #Mikroekspedisjon på øving i teltlivet.


Jorunn og Magnhild var veldig lure og for opp på Fredags formiddag og øvde seg på å setta opp telt. Så detta stod jo klart. Resulterte og i at Magnhild tok med jentene sine opp på Fredagskvelden og øvde på å ligga i telt. Dei hadde ei flott natt, dvs jentene sov godt mens Magnhild måtte konstantere at liggeunderlagkjøpet var heller dårleg. For det sa poff etter ei stund. Så ho sov ikkje så mykje. Ho måtte heim og sova litt før ho og Jorunn kom opp til oss andre. 

Neste generasjon Telttøtter sover godt i telt og kosar seg i snøen ; ))))
Dei 2 andre måtte sette opp telt mens Anne-Grethe låg i stolen og sola seg.





Været e heilt fantastisk og til å ha planlagt denna helga lenge så var me utruleg heldig med værmeldinga.
Når telta var oppe og alle klar, var det kos rundt bålet. Alle skulle ta med seg det dei ville eta sjølv, så mat hadde me nok av. Me hadde pølser, karbonader, kylling, potetsalat, spekeskinke, pinnebrød, pitabrød m.m Fullt mulig å ta med masse god mat utan at ein må ete pølser. Anne-Grethe blei valgt til matansvarleg heretter for ho hadde med seg primus og mekka pitabrød med kylling og grønnsaker i fløtesaus. Det smakte heilt fortreffelig. Anita hadde laga godteposar til alle med banan, slikkepinn og sjokolade. Banana vart grilla på bålet med turmiks sjokolade oppi. Så me lei inga naud. Champagnen var og med men da gjekk berre eit par glas av den. Øla til Anne-Grethe vart heller ikkje drukken opp for ingen ville ut på do om natta. 








 Jorunn var siste mann som fekk utlevert premien sin av Anita. Me har alle sove veldig godt og ingen har hatt det kaldt. var ca 4 minus i natt. Teltøtter Anita og Ann Irene vakna fyrst i 6.30 tida og låg og knegga og lo i teltet. 






Jorunn var litt kjapp så sovepose bilde av ho får me ta neste gang. Ho var grei å fiksa kaffi til oss etternølarar.


Sola kom opp 8.28 og varma kalde kroppar. Me har  hatt ein kanon flott tur og gler oss til neste tur. Kor den går er det Anita som bestemmer. Ho fekk det i bursdaggåve frå oss og må velge ein tur innafor Folgefonna kartutsnitt. Me venter i spenning. Det vert nok masse fine turar framover før neste overnatting.

søndag 8. mars 2015

Presentasjon av telttøttene

Telttøttene er 5 flotte damer frå Omvikdalen/Uskedalen/Herøysund i Kvinnherad Kommune i Hordaland. Me e i vår beste alder på 40 +/-. Me er eit av laga som vann #Nattinaturen i kategorien #sesongsovaren som Friluftslivets år 2015 har arrangert.
Telttøttene består av Anita, Ann Irene, Magnhild, Jorunn Bakke og Anne-Grethe. Me har funne turgleda saman i turgruppa Vi venene på facebook. Hittil har me stort sett halde oss til dagsturar når me har vore på tur, så no gler me oss til å pakke telt og soveposar og overnatte ute. Det er kun ei av oss som har erfaring med å sova ute ei vinternatt av oss, så dette vert ei stor utfordring for dei fleste av oss. 14 mars skal me ha vår fyrste natt ute. Kor turen går har me ikkje heilt bestemt. Men ikkje så langt unna folk og fe sidan det er fyrste gong.


Me vil utføra mikroekspedisjonane våras høgt og lågt både til lands og til havs på vestlandet. Kanskje inviterer me med oss gjester og. Detta vert spanande.

Denna konkurransen til Friluftslivets år 2015 var utfordringa me trengte for å ta steget vidare frå dagsturar til overnattingsturar. Me er ganske sikker på at me vert bitt av basillen når me fyrst kjem i gong. Me kjem nok heilt sikkert til å fortsetje med  #nattinaturen etter detta året er omme.

Premien var soveposar, bøker, bøff og refleks og me ser fram til å prøve detta på fyrste turen vår.

Me vil lage turar ut av overnattingane, sjølv om det sikkert er flott å sove på altanen og. Som me pleier å seia; Det er den gode opplevelsen som er målet.

Turane våras vil bli lagt ut på bloggen med bilder etter kvar tur. Me vert veldig glad om me klarar å få andre inspirert til å ta tak og komma seg ut i naturen uansett årstid eller vær ; ))))

Me startar fyrste turen 14 mars. Turen vert nok lagt til Leiteshaugane i Uskedalen om været tilseier det. Skia og sekken må på og me ser fram til ein flott tur i lag.

Anita overrekker Anne-Grethe den flotte premien. Soveposen er testa ut heime og me er særs nøgd med den. Berre å leite etter den perfekte sovestillinga no ; )))