mandag 24. august 2015

Kva skal til for å samla alle 5 Telttøttene...

...på eingong? Ein heil del har det vist seg...

Ja, for med vaksne ungar, småungar, barnebarn, kvardagsjobb, helgejobb, ferie på heilt ulike tidspunkt etc.etc. har det tatt tid med å få kabalen for sommarovernattinga til å gå opp. Men, i helga kunne vi endeleg pakka sekkane våres og ta ut på tur igjen :-)

Mannsvatn i Uskedalen var målet for turen denne gangen. Vestlandsveret har spela oss eit ufint puss denne sommaren, men dene helga var det strålande fint, sol og varmt :-)

Anne-Grethe, Jorunn og Anita valgt å ta ut fyrst på turen. Det har blitt litt lite fjellturgåing i sommar og nesten ingen turar med sekk på ryggen, så vi valgte komfort denne gangen og bestemte oss for å køyra opp skogsvegen til fjells.

Det enda med ei ufrivillig pause i tredje sving... Og medan bilen kjøla seg ned gjekk vi oss ein liten tur og såg på utsikta utover Uskedalen.
 

Vi kom oss opp til slutt, og då var det ikkje så altfor så langt å gå...
 
...før vi fekk auga på Fjelly - ungdomslagshytta til Uskedalen Ungdomslag.
 
Ja, for det var dette med komfort - vi syntes det var ein god ide å ha hytta tilgjengeleg sånn i tilfelle regn, i tilfelle det vart kaldt om kvelden, i tilfelle - ja, i tilfelle det meste... Men, Anita, som visstnok i fylgje dei andre, er den strenge Teltøtta gav grei beskjed om at alle uansett MÅTTE overnatta ute!
 
For å koma bort til hytta må vi over elva - og der hadde Jorunn eit aldri så lite uhell. Det er i allefall det vi har prøvd å lyga i folk - mykje artigare enn å vedgå at biletet er arrangert ;-)
 
Vel framme i hytta kunne vi sitja oss i sola og kosa oss medan vi venta på at dei to siste Telttøttene skulle dukka opp. Etter ei stund fann Anne-Grethe ut at det kanskje ikkje var så dumt å slå opp eit telt medan det enda var lyst ute...
 

 
 ...det syntes vi andre var god underhaldning å sjå på - Anita fann til og med fram chipsposen :-)
 
Men teltet kom jo på plass det til slutt, og sjå kor vakkert det stod i solnedgangen!
 
 

Vakkert!
 


 
Og i skumringen dukka 4. Telttøtte opp og...
 
...Ann Irene var på plass.
 
5. Telttøtte, Magnhild, dukka opp like etter. Ho hadde allereie vore på fjelltur heile dagen, så hennar seine ankomst var unnskyldt.
 
Så då var alle Telttøttene faktisk på plass for overnatting ved Mannsvatnet. Vi fyrte i ovnen og hadde god varme inne i hytta - det fekk vi ingen gleda av iom at vi blei sitjande ute med god mat og drikke heile kvelden til langt på natt. Etterkvart var det på tide å finna kvart sitt kryp inn, og Anita slapp å kjefta - alle la seg lydig ute. Anne-Grethe i eit telt, Ann Irene og Anita i eit telt, Jorunn og Magnhild på hyttealtanen :-)
 
Det vart faktisk litt kaldt om natta, men alle overlevde :-)
 
Morgonfuglen Ann Irene.
 
 
Såg ut til å bli ein lika fin søndag som laurdag.
 
To Teltøtter....
 
....opp og hopp, damer!
 
Opptelling dagen derpå: 2 tøtter vakna i teltet sitt, 2 damer vakna på altanen og 1 dame vanka, eh..kremt..hm...i hytta????
 
Tru det eller ei, men det var faktisk ikkje liv i leiren før rundt 9-tida, men då hadde vi ikkje tid til å sova bort sumarnatta lenger.
 
Kaffien kom på kok og frukost inntatt i..
 
....solveggen :-) 5 nøgde Teltøtter etter å ha gjennomført sommarovernattinga si.
 
Så langt til fjells og vekke i frå folk og fe skal ein ikkje sjå vekk i frå at det kan koma både det eine og andre rovdyret på besøk, og det kan jo skapa litt panikk i gjengen...
 


Øyenstikkar, f.eks - farleg, fargleg!
 
Magnhild måtte no forlata oss og ta ut på heimturen igjen, vi andre hadde bestemt oss for å ta turen inn til Vatnastøl før vi var ferdige med turen. Fyrst måtte...
 
...telta ned att.


Så tok vi fatt på dagens tur.
 
Det er ikkje noko langt å gå inn til Vatnastøl, 15-20 min. kanskje og flate vegen. Stien finn ein nede ved brua på Fjellysida av elva.
 
Her nærmar vi oss stølen.

Faktisk flottare her inne enn ved Mannsvatnet.
 
Flott støl.
 
Vi valgte å gå litt forbi stølen og vidare langs vatnet. Her fann vi ein fin plass å ta...
 
...pause medan vi...
 
...kikka tilbake mot Mannsvatnet. 
 


Vi hadde ikkje niste med på ein slik liten tur, men det var nok av multe å eta om ein skulle bli svolten :-)
 
Men alt har jo ein enda, så også denne turen. Når Anita byrja sjå dette...
 
...var det vel på tide å koma seg heimover :-)
 
Telttøtten si sommarovernatting var så absolutt vellukka, så no er det berre for oss å hiva oss rundt og planleggja høst overnattinga. Den kan koma fortare enn nokon anar ;-)
 
 
NB! Telttøttene har vist seg å vera nokre kløpparar på å ta selfiar....
 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar her om du vil: