fredag 29. mai 2015

No skriv me snart Juni mnd. Været har vore surt og kaldt og ikkje lokka nokon av oss til å prøva teltlivet igjen. Men me har alle 5 vore på forskjellige turar rundt om i kommunen. Fleire var på Ulvanåso og Ingahogg i påsken og ellers rundt på andre toppar. Anita planlegg neste telttur og eg er ganske spent på kor me enda denna gangen. Satser på ein lang og fin gåtur før teltet skal opp sånn at me er godt sliten når me skal sova. For ett av mine problem er nett det: Å FÅ SOVA!! Eg ligg godt, det er stilt og deilig og varmt. Men eg ligg vaken og søvnen kjem ikkje før laaangt utpå natta. Så defor er eg med og øver på teltlivet. Me har så utruleg flott kommune og uttallige turmål. Tar me teltet me kan me reisa på tinderangling kor som helst. Det som no gjenstår e å finna ei helg der alle kan vera med. Håper det vert snart.