søndag 15. mars 2015

#nattinaturen #telttøttene #sesongsovaren #1 overnattingstur


Telttøttene på fyrste #nattinaturen #sesongsovaren

 14 til 15 mars

Ja, då var dagen komen at me skulle ha vår fyrste overnatting i telt på snø. Me har enno ikkje blitt enig om detta var ei vinterovernatting eller ei vårovernatting. 


Anita og Ann Irene var fyrste mann oppe og fekk seg ein flott skitur før me andre kom opp. Dei gjekk til Fagnabotnen og opp til Grønlia. Det var bra skare så feller var ikkje noko å bruka. Men dei kom seg no opp og heilskinna ned att.




Damene hadde nett parkert på Bjørnebølsfossen når Anne-Grethe dukka opp i 17.00 tida. For å sei da sånn så hadde me pakka for ein heil chartertur til Grønland på langs, så det var no bra at teltet ligg ca 20 m frå bilane. Råtten snø gjorde det slik at Anita labba på dei flotte trugene ( som me andre er veeldig misunneleg på og er lagt til ønskelista av ting me bør ha med oss på tur ) mens Ann Irene og Anne-Grethe måtte spenne fjellskia på. Så teknisk sett har me gått litt på skitur.



Eh, litt flau øve pakkinga men me var alle einig i at om me skulle ha gått eit stykke måtte me jo pakka litt mindre. Og detta e jo tross alt ein #Mikroekspedisjon på øving i teltlivet.


Jorunn og Magnhild var veldig lure og for opp på Fredags formiddag og øvde seg på å setta opp telt. Så detta stod jo klart. Resulterte og i at Magnhild tok med jentene sine opp på Fredagskvelden og øvde på å ligga i telt. Dei hadde ei flott natt, dvs jentene sov godt mens Magnhild måtte konstantere at liggeunderlagkjøpet var heller dårleg. For det sa poff etter ei stund. Så ho sov ikkje så mykje. Ho måtte heim og sova litt før ho og Jorunn kom opp til oss andre. 

Neste generasjon Telttøtter sover godt i telt og kosar seg i snøen ; ))))
Dei 2 andre måtte sette opp telt mens Anne-Grethe låg i stolen og sola seg.





Været e heilt fantastisk og til å ha planlagt denna helga lenge så var me utruleg heldig med værmeldinga.
Når telta var oppe og alle klar, var det kos rundt bålet. Alle skulle ta med seg det dei ville eta sjølv, så mat hadde me nok av. Me hadde pølser, karbonader, kylling, potetsalat, spekeskinke, pinnebrød, pitabrød m.m Fullt mulig å ta med masse god mat utan at ein må ete pølser. Anne-Grethe blei valgt til matansvarleg heretter for ho hadde med seg primus og mekka pitabrød med kylling og grønnsaker i fløtesaus. Det smakte heilt fortreffelig. Anita hadde laga godteposar til alle med banan, slikkepinn og sjokolade. Banana vart grilla på bålet med turmiks sjokolade oppi. Så me lei inga naud. Champagnen var og med men da gjekk berre eit par glas av den. Øla til Anne-Grethe vart heller ikkje drukken opp for ingen ville ut på do om natta. 








 Jorunn var siste mann som fekk utlevert premien sin av Anita. Me har alle sove veldig godt og ingen har hatt det kaldt. var ca 4 minus i natt. Teltøtter Anita og Ann Irene vakna fyrst i 6.30 tida og låg og knegga og lo i teltet. 






Jorunn var litt kjapp så sovepose bilde av ho får me ta neste gang. Ho var grei å fiksa kaffi til oss etternølarar.


Sola kom opp 8.28 og varma kalde kroppar. Me har  hatt ein kanon flott tur og gler oss til neste tur. Kor den går er det Anita som bestemmer. Ho fekk det i bursdaggåve frå oss og må velge ein tur innafor Folgefonna kartutsnitt. Me venter i spenning. Det vert nok masse fine turar framover før neste overnatting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar her om du vil: