Telttøttene er 5 flotte damer frå Omvikdalen/Uskedalen/Herøysund i Kvinnherad Kommune i Hordaland. Me e i vår beste alder på 40 +/-. Me er eit av laga som vann #Nattinaturen i kategorien #sesongsovaren som Friluftslivets år 2015 har arrangert.
Telttøttene består av Anita, Ann Irene, Magnhild, Jorunn Bakke og Anne-Grethe. Me har funne turgleda saman i turgruppa Vi venene på facebook. Hittil har me stort sett halde oss til dagsturar når me har vore på tur, så no gler me oss til å pakke telt og soveposar og overnatte ute. Det er kun ei av oss som har erfaring med å sova ute ei vinternatt av oss, så dette vert ei stor utfordring for dei fleste av oss. 14 mars skal me ha vår fyrste natt ute. Kor turen går har me ikkje heilt bestemt. Men ikkje så langt unna folk og fe sidan det er fyrste gong.
Me vil utføra mikroekspedisjonane våras høgt og lågt både til lands og til havs på vestlandet. Kanskje inviterer me med oss gjester og. Detta vert spanande.
Denna konkurransen til Friluftslivets år 2015 var utfordringa me trengte for å ta steget vidare frå dagsturar til overnattingsturar. Me er ganske sikker på at me vert bitt av basillen når me fyrst kjem i gong. Me kjem nok heilt sikkert til å fortsetje med #nattinaturen etter detta året er omme.
Premien var soveposar, bøker, bøff og refleks og me ser fram til å prøve detta på fyrste turen vår.
Me vil lage turar ut av overnattingane, sjølv om det sikkert er flott å sove på altanen og. Som me pleier å seia; Det er den gode opplevelsen som er målet.
Turane våras vil bli lagt ut på bloggen med bilder etter kvar tur. Me vert veldig glad om me klarar å få andre inspirert til å ta tak og komma seg ut i naturen uansett årstid eller vær ; ))))
Me startar fyrste turen 14 mars. Turen vert nok lagt til Leiteshaugane i Uskedalen om været tilseier det. Skia og sekken må på og me ser fram til ein flott tur i lag.
Anita overrekker Anne-Grethe den flotte premien. Soveposen er testa ut heime og me er særs nøgd med den. Berre å leite etter den perfekte sovestillinga no ; )))


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen ein kommentar her om du vil: